
Septik 24 ny medlemsbedrift i Green Business Norway
Mai/2008

Septik 24 er eit forpliktande nettverk av fleire miljøbedrifter. Hovudaktiviteten til desse selskapa er innsamling, avvatning og kompostering av slam frå septiktankar og reinseanlegg. Selskapa tilbyr tenester innan slamtømming, mobil avvatning, spyling, sandfangtømming, sluttbehandling og kompostering og administrasjon av tvungen slamtømming. I tillegg disponerar vi supersugarar til innan industri.
Bak selskapa står private eigarar med regionalt driftsfokus og engasjement. Arbeidsfellesskapen er organisert under felles profil og tilbyr komplette løysingar på kommunaltekniske tenester til kundar i Norge. Septik 24 samordnar aktiviteten og bidreg til utnytting av felles ressursar og infrastruktur, spesielt innanfor teknisk kapasitet, kompetanse, strategi, IT-system og administrasjon.
Komplett miljøsirkel
Septik 24 har sterkt fokus på å dekke heile verdikjeda og miljøkretslaupet gjennom sine tenester:
• Total administrasjonsløysing for kommunar og interkommunale selskap
• Innsamling og avvatning av septikslam med konvensjonell slamsugerteknologi eller mobil avvatningsteknologi
• Kompostering og sluttbehandling av septikslam
• Produksjon og omsetning av jordforbetringsprodukt
Miljøgunstig teknologi og logistikk
Eit viktig fokusområde for Septik 24 er utvikling av teknologi og logistikkløysingar som gir effektiv og rasjonell produksjon med miljømessige gunstige konsekvensar:
• Vi prioriterar mobil avvatning då denne teknologien gir ein vesentleg reduksjon i transportkilometer (40-60%) og utslepp av klimagassane CO2 og NoX samanlikna med tradisjonell konvensjonell slamsugerteknologi.
• Vi har medverka til industriell utvikling av mobile avvatningsvogntog som reduserar CO2 og NoX utslepp ytterlegare (se bilde).
Septik 24 er medeigar i Nomek, ei innovativ mekanisk produksjonsbedrift i Stryn.
Innanfor forretningsområdet renovering har Nomek bygt opp omfattande industriell kompetanse på ombygging og renovering av mobile avvatningsanlegg og slamsugarar. Nomek produserar også eigne produkt til denne bransjen: Nomek avvatningsvogntog og Nomek slamsugarvogntog.
Septik 24 og tilhøyrande bedrifter
Septik 24 har følgjande bedrifter i sitt nettverk: Miljøservice as, Johny Birkeland Transport as, Hoston Miljøservice as og Miljøkompost as.
Miljøservice as, Johny Birkeland Transport as og Hoston Miljøservice as er driftsselskap med hovudfokus på innsamling og mobil avvatning av septikslam og total administrasjon av tvungen slamtømming med våre kontraktskommunar.
Miljøkompost har hovudfokus på siste ledd i verdikjeda; kompostering, produksjon og omsetning av jordforbetringsprodukt. Miljøkompost as er ein del av Grønn Vekst konseptet. Norsk Jordforbedring as/Solum-gruppen er medeigar i Miljøkompost as og bidrar sterkt til selskapet si utvikling gjennom sin unike kompetanse på området.
Arbeidsfellesskapen disponerar både slamsugarar, mobil avvatningsteknologi, ADR, krokbil og supersugarar
Ved inngangen til 2008 står Septik 24 og tilknytte selskap for administrasjon og utføring av tvungen slamtøming i over 110 norske kommunar. Internasjonalt er vi i ein tidleg kartleggingsfase i Polen.
Utvikling og internasjonal satsing
Septik 24 koordinerar og står ansvarleg for kontinuerleg utvikling for nettverket. Dette gjeld mellom anna for internasjonal forsking og utvikling. Septik 24 og tilhøyrande selskap ser fram til å kunne utnytte felles synergiar i si internasjonale satsing i samarbeid med andre medlemmar i GBN.
I tillegg til info på selskapets egne nettsider kan du også lese mer på www.greenbusiness.no/Septik 24
http://www.septik24.no Tilbake til oversikten
|